Sals- og leveringsvilkår

ALTERNATIV FOR BETALING

Vi tilbyr fleire betalingsalternativ. Vipps, kortbetaling gjennom Stripe og Klarna. Det totale beløpet vil bli trekt frå kontoen din når bestillinga er klar og godkjend.

SIKKER BETALING

Eventuelt kredittkortnummer vert sendt via eit kryptert samband til banken din.

BESTILLINGA DI

Bestillinga di vil bli behandla i løpet av ein arbeidsdag etter at den har blitt lagt inn. Når du har lagt inn bestillinga di, vil du få ei stadfesting på ordren til den e-postadressa du gav opp ved sjølve kjøpet.

PRIS, TOLL OG VALUTA

Prisane du ser ved produkta blir angitt i den tilgjengelege valutaen på marknaden. Eventuelle fraktkostnader blir berekna og leggjast til i kassen. Produkta våre blir distribuert frå lageret vårt i Trondheim. Vi tar ikkje ansvar for tollkostnadar utanfor EU. Brok Hose har ikkje ansvar for eventuelle endringar i valutaverdiar eller vekslingskurs som banken din eller kredittkortselskapet ditt brukar.

LEVERINGSTID

Vi gjer vårt beste for at du skal få produktet ditt så raskt som mogleg, vanlegvis innan 2–3 arbeidsdagar. I e-posten med stadfestinga på ordren din finn du også ordrenummeret ditt. Ta vare på dette nummeret for raskare hjelp hos kundesørvis om du skulle ha nokre problem med bestillinga di. Om du har spørsmål om leveransen din, kontakt oss på hjelp@brokhose.no.

FRAKTKOSTNADAR

Gratis frakt for alle bestillingar innanfor EU og Norge.

COOKIES

Vi bruker såkalla informasjonskapslar, eller cookies, på Brok Hose si heimeside. Cookies er små tekstfilar som vert lagra på nettlesaren din, og som nettenaren vår brukar for å gi deg tilgang til nokre av funksjonane på nettsida. Ved å godta Brok Hose sine allmenne vilkår og/eller denne tryggingspolicy, og ved å bruke Brok Hose si heimeside, samtykker du til behandling av cookies. Dersom du ikkje aksepterer at cookies blir brukt, kan du skru av cookies under tryggingsinnstillingane i nettlesaren din. Du kan også stille inn nettlesaren din slik at den spør kvar gang Brok Hose si nettside prøver å plassere ein cookie i nettlesaren din. Du kan også bruke nettlesaren din til å fjerne tidlegare lagra cookies. Sjå hjelpesidene til nettlesaren for meir informasjon.

INTEGRITET

Når du legg inn bestillinga di, vil du bli bedt om å gi opp visse personopplysningar. Denne informasjonen vil berre bli delt med distributøren vår for at dei skal kunne levere bestillinga di til adressa du har gitt opp.

RETUR OG BYTE

Du har rett til å byte eller returnere produkt (med full attendebetaling) innan 30 dagar etter at varene har blitt tatt imot. Undertøy må vere ubrukte med etikettar og emballasje intakt. Når du returnerer eller byter produkt står du for fraktkostnadane. Så fort vi får varene, vil vi byte produkta dine, eller gi deg full attendebetaling, avhengig av kva du ynskjer. Du kjem likevel ikkje til å få erstatta eventuelle oppståtte fraktkostnadar. Vi tar ikkje ansvar for produkt som har vorte borte på returfrakten.

Kontakt oss på hjelp@brokhose.no og oppgi ditt ordrenummer, kva for produkt du vil returnere og grunnen til returen (det hjelper oss å gjere våre produkt betre). Vi svarar så med meir detaljerte instruksjonar. Vi tar ikkje ansvar for eventuelle mista pakker som er sendt i retur.

RETURNERE ELLER BYTE PRODUKT

Kontakt oss på hjelp@brokhose.no og oppgje ditt ordrenummer, kva for produkt du vil returnere og årsaken til returen (det hjelper oss å gjøre våre produkt betre). Vi svarar så med meir detaljerte instruksjonar. Vi tar ikkje ansvar for eventuelle mista pakker som er sendt i retur.

SKADDE ELLER FEIL VARER

Dersom du skulle få ei leveranse som inneheld skadde eller feilpakka varer, vil vi dekkje alle fraktkostnadar og gjere alt vi kan for å rette feilen vår. Du vil tilgodesjåast med nye produkt eller ein attendebetaling, avhengig av kva du ynskjer. For å levere inn klagen din, kontakt oss på hjelp@brokhose.no. Ver vennleg og oppgi ordrenummeret ditt og ei beskriving av problemet, så kjem vi attende til deg så fort som mogleg.